Nyhetsartikkel i Nationen 13. november 2020 https://www.nationen.no/landbruk/forskarar-meiner-mekling-kan-gi-betre-arealforvalting-i-landbruket/

“Dei seinare åra har talet på bønder gått ned i Noreg. Samstundes er talet
på landeigarar stabilt. Det inneber at fleire leiger jorda dei driftar og med
det kjem det òg ein del utfordringar.

Fleire forskarar og aktørar frå landbruksnæringa var torsdag samla til digitalt konferanse for å diskutere bruken av norske landbruksareal i framtida. Forholdet mellom landeigar og dei som brukar jorda var noko som blei mykje diskutert.
– Det er viktig å gi merksemd til eit så viktig tema. Det at jordbruksareal er i aktiv drift reduserer sjansen for nedbygging. Dyrka jord er heilag grunn for meg, sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad i opningstalen sin under konferansen torsdag.

Dialog med bøndene
Konferansen torsdag sprang ut av forskingsprosjektet Arealfragmentering i Landbruket:
Årsaker, konsekvensar og tiltak (Landfrag). Prosjektet har blant anna hatt med seg forskarar frå Ruralis, Nibio, Nordlandsforsking og NMBU. Ein av forskarane, som òg heldt
innlegg på konferansen, er Tone Magnussen i Nordlandsforsking.
– Eigarskap og bruk heng ikkje lenger saman. Det kan gi vanskar
både for bonde og drivar, sa ho i innlegget sitt.

Ho viste til at ho saman med andre i prosjektet har reist rundt og møtt både landeigarar og drivarar til uformell dialog i opne folkemøte.
– Å leige vekk landbruksjord inneber at det vil halde fram å vere drift på jorda. Samstundes er det ein del utfordringar knytt til det. Mange eigarar kan ha vanskar med å leige vekk jord fordi dei i det lengste håpar at kommande generasjonar vil overta. I tillegg
ser vi at det kan bli problem knytt til avstand mellom driftsbygg og jorda som skal drivast, sa Magnussen.

Ho peika på at møta som ho og andre i prosjektgruppa har hatt, har vore med å få desse og andre utfordringar opp på dagsordenen på ein god måte. – Medmenneskelege relasjonar er viktig, sa ho.

Ansvar for vedlikehald
Ein annan som heldt innlegg under konferansen var Per Helge Haugdal ved Norsk landbruksrådgiving i Trøndelag. Han delte erfaringar dei har gjort seg med
bruk av såkalla jordmeklar – ein som går inn og forhandlar mellom jordeigar og leigetakar når jord skal leigast ut.
– Vi har blant anna sendt ut ei spørjeundersøking til bøndene i området vårt. Der kjem det tydeleg fram at det dei fleste kunne tenkt seg hjelp til å klarlegge i
kontraktsprosessen, er korleis ein fordelar det økonomiske ansvaret for vedlikehald av jordstykka i leigeperioden, sa han.
– Dei aller fleste syns likevel at leigeavtalane var gode nok utan at ein tredjepart hadde vore inne og mekla, sa han.”